Eg er forelska! i Petra!
Eg hadde visst om ho lenge, men trudde aldri det skulle bli oss to. Eg vaknar kvar morgon og tenkjer på ho. Legg meg kvar kveld og er redd for ikkje å finna ho igjen når eg vaknar. Ho bur ein stad inni meg no, trur eg. Håpar det visest på meg. Det må det jo snart – på måndag må det i alle fall visa - då startar me. Eg skal gå som nasjonalskatten Fiskerjenten gjennom Det største i verden. Eg gler meg som ein livredd unge!

Den dagen ho kom inn i livet mitt hugsar eg godt. Det var november og kaldt i Oslo. Eg hadde vore av scenen i ein månad og kjende meg passé allereie – venta berre på den store nedturen. Så rinte telefonen. Eg såg på nummeret at det var frå managementet mitt. Med usikre hender lyfte eg røyret opp. Eg venta meg alt anna enn draumerolla. Då eg høyrde namnet Petra, var krigsdansen på stovegolvet allereie i gang. Eg hadde visst om at ho kanskje venta på meg der ute einstad, men eg ante ikkje at Norsk Film skulle kobla oss. Krigsdansen varte ganske lenge før eg deiste ned i sofaen og forsto kva det var eg hadde teke på meg.

Film!? Det kan eg ingenting om!

Ei stund gjekk eg med bekymra mina rundt i leiligheita, så klarde eg ikkje å skjula smilet lenger. Eg lo høgt, sprang ned alle trappene, ut i vinteren, ned til Nationateatret og kasta meg rundt Bjørnson-statuen! Så glad hadde eg ikkje vore sidan Tom Remlov ringte og spurde om Eliza Doolittle kunne vera noko. No hadde han ringt igjen. Takk Tom! Takk Thomas! Takk Bjørnson! Eg skal gjera så godt eg kan.

Helsing Herborg




 


    Trailer

Filmklipp
1 2 3 4 5 6 7 8

Musikkvideo
Noen ord fra manusforfatter Siri Senje
Noen ord fra regissør Thomas Robsahm
Noen ord fra produsent Tom Remlov
Pressebilder